Sotra Kino
Sotra Kino ønskjer velkommen til framsyningar hausten 2010. Vi har god plass, så billettane kjøper du ved inngang. NB! Kinoen har ikkje bankterminal, så du må ha med deg kontantar. Bilen set du enkelt frå deg på den romslege parkeringsplassen ved Fjell rådhus.
Neste film: 2. juledag kl. 15:00 og 16:30: Grusomme meg 2. juledag kl. 18:00: Harry Potter og dødstalismanene
2. juledag spanderer vi gratis brus og popcorn på barna og gratis kaffi og vafler på dei vaksne.
Siste kinoframsyningar på Sotra kino vert 2. juledag Etter dette vert kinoen lagt ned i påventa av ein ny moderne kino sentralt på Straume senterområde.
|